Åseral skalerer ned sentrumsbygget etter nytt kostnadssjokk
Formannskapet i Åseral vedtok å be om at bustaddelen i sentrumsbygget i Kyrkjebygda blir gjort til ein valfri opsjon, etter at kommunedirektøren fekk eit oppdatert kostnadsoverslag berre få dagar før møtet. Kommunedirektøren meiner prosjektet slik det no er planlagt, ikkje er økonomisk berekraftig for kommunen.
Formannskapet i Åseral heldt eit ekstraordinært møte 10. september, rett før kommunestyret same dag, for å handsame vidare prosess for «Sentrumsbygget» i Kyrkjebygda.
Nytt kostnadsanslag snudde innstillinga
Formannskapet skulle opphavleg gi si tilråding til kommunestyret alt 27. august, men valde då å utsetje saka for å gi administrasjonen meir tid til å arbeide vidare med prosjektet og konkurransegrunnlaget. I mellomtida vart eit oppdatert kostnadsestimat ferdigstilt og gjort kjent for kommunedirektøren berre få dagar før kommunestyremøtet. Estimatet forelå ikkje då den opphavlege innstillinga vart laga.
Ifølgje kommunedirektøren framstår prosjektet med dagens omfang og ambisjonsnivå ikkje lenger som økonomisk berekraftig for kommunen. Særleg er kostnaden knytt til bustaddelen i tredje etasje vurdert som uforholdsmessig høg: skal bustadene seljast, er det risiko for at kommunen ikkje får dekt prosjektkostnadene gjennom sal, og skal kommunen eige dei, kan det gi ei stor og langsiktig økonomisk belastning.
Vedtaket: valfri bustaddel og enklare parkering
Formannskapet vedtok samrøystes ei revidert innstilling til kommunestyret om at det blir arbeidd vidare med å lyse ut sentrumsbygget som totalentreprise, men at prosjektet først skal kostnadsoptimaliserast. I det vidare arbeidet skal det særleg vurderast ein prissett opsjon på å ta ut bustaddelen i tredje etasje, alternative løysingar for parkering – inkludert parkering heilt eller delvis på terreng – og funksjonsbaserte krav som gir entreprenøren handlingsrom til å finne kostnadseffektive løysingar. Komplette anbodsdokument skal leggast fram som eigen sak for formannskapet før anbodet blir lyst ut, og kommunedirektøren skal sikre medverknad frå tilsette, verneombod, tillitsvalde og arbeidsmiljøutvalet i det vidare arbeidet.
Kommunedirektøren understreka at den reviderte tilrådinga ikkje inneber at kommunestyret no tek endeleg stilling til bygging eller investering. Resultatet av konkurransen skal leggjast fram for kommunestyret før ei eventuell kontraktsinngåing, og kommunen blir ikkje forplikta til å nytte opsjonane eller inngå kontrakt berre fordi konkurransen er gjennomført.