Bykle droppar bustader i nytt sentrumsbygg og kjøper Sarvsnetten AS
Kommunestyret i Bykle endra planane for sentrumsbygget etter kostnadsauke, og vedtok samstundes fleire andre saker, mellom anna vidare arbeid med Lundane hyttefelt og fordeling av LIM-midlar.
Kommunestyret i Bykle handsama fleire saker i møtet 27. august, mellom anna endring av sentrumsbygget, vidare planarbeid for Lundane hyttefelt, forskrift for viltforvaltning, LIM-midlar og val av nytt ungdomsråd.
Endrar sentrumsbygget – kjøper Sarvsnetten AS
Kommunestyret vedtok samrøystes at prosjektet for nytt sentrumsbygg på gnr. 15 bnr. 86 blir endra, og at det ikkje skal byggjast bustader over næringsdelen slik det opphavleg var føresett. Grunngjevinga er kostnadsutviklinga og dei økonomiske rammene i saka. Bykle Nærings- og Utviklingsselskap AS skal saman med administrasjonen arbeide vidare med sentrumsbygget utan dei planlagde leilegheitene, medan næringsdelen og uteareala så langt råd blir vidareført som planlagt. Administrasjonen skal også greie ut korleis kommunen kan leggje til rette for bustader i gangavstand frå sentrumsbygget. Eit revidert prosjekt skal helst leggjast fram for kommunestyret i neste møte, og seinast innan to månader.
I same sak vedtok kommunestyret å kjøpe alle aksjane i Sarvsnetten AS frå BHV AS for 100 000 kroner, tilsvarande pålydande aksjekapital. Kjøpesummen blir dekt innanfor ramma som er sett av til stadsutvikling i Bykle sentrum. To representantar, Sigmund Alfson Tyrdal (Sp) og Bjørn Erling Bakken Auestad (H), vart vurderte for ugildskap i saka; Tyrdal vart samrøystes vurdert ugild og bytt ut med vararepresentant, medan Auestad vart vurdert gild med 6 mot 4 røyster.
Lundane hyttefelt: 8 mot 4 røyster
Planutvalet si innstilling om detaljregulering av Lundane hyttefelt vart vedteken med 8 mot 4 røyster, etter at representantar frå Høgre, Arbeidarpartiet og Senterpartiet stemte for, medan Venstre, Kristeleg Folkeparti og ein uavhengig representant stemte mot. Kommunestyret vedtok at planarbeidet skal vidareførast med mål om nytt planvedtak, og løyvde 200 000 kroner frå næringsfondet til arbeid med kunnskapsgrunnlag for naturmangfald.
Ny forskrift for elg- og hjortejakt
Kommunestyret fastsette samrøystes ny forskrift om minsteareal for elg og hjort, fellingsavgift og kvotefri rådyrjakt i Bykle.
LIM-midlar og nytt ungdomsråd
Det vart samrøystes vedteke å løyve LIM-midlar for 2026 til Hovden sportsklubb (25 000 kroner), Bykle og Hovden rideklubb (29 150 kroner) og Bykle folkeakademi (20 850 kroner).
Kommunestyret valde også nytt ungdomsråd for perioden 2026-2027, med Taxlogha Byaia Lual, Sverre Kjøstvedt, Ingrid Alette Briksdal Bakke, Caroline Nesland, Therese Norma Sveen, William Markeng Prowse, Tomasz Adam Matysik og Jonas Trollsås Egeland som medlemmer.
Orienteringar og lukka saker
Møtet starta med orientering om oppfølging av barnevernsreforma ved kommunalsjef Kjetil Vik. Ordføraren orienterte mellom anna om møte med Klima- og miljødepartementet om tiltaksplan for villrein, og kommunedirektøren orienterte om at Lars Erik Domaas tek over som rektor på Fjellgardene skule til hausten. Kommunestyret fekk også tre lukka orienteringar heimla i kommunelova og offentleglova, der representantar frå eit advokatfirma og Agder kommunerevisjon deltok.