Ål vil sikre nødstraum til bygdebutikk etter erfaringane frå uvêret Hans
Kommunestyret i Ål skal 17. september ta stilling til om kommunen skal gå inn med 232 000 kroner til eit nødstraumsaggregat ved Samhald landhandel i Nordbygdene, som skal fungere som beredskapsbutikk ved straumbrot og andre kriser. Same møte skal kommunestyret avgjere korleis grunneigarar skal dele rekninga for eit sikringstiltak mot bekkeflaum i sentrum.
Erfaringane frå ekstremvêret Hans i 2023 viste at Samhald landhandel fungerte som eit viktig samlingspunkt for innbyggjarar, hyttefolk og besøkande i Nordbygdene, eit område som ifølgje saksframlegget er sårbart fordi Votndalen, Leveld og Vats berre har éi hovudtilkomstveg. Samhald Landhandel AS har søkt kommunen om å bli med på å finansiere eit permanent nødstraumsanlegg med aggregat og dieseltank, slik at butikken kan halde oppe drifta – inkludert kjøle- og fryseanlegg og betalingsløysingar – ved langvarige straumbrot.
Samla investeringskostnad er rekna til 463 674 kroner, der kompetansesenteret Merkur har innvilga halvparten i tilskot. Rådmannen tilrår at Ål kommune dekker resten, inntil 231 850 kroner frå disposisjonsfondet, og ber samtidig om at kommunen ser vidare på eit samarbeid om ein eigen beredskapsbutikk i området.
Grunneigarar skal dele rekninga for bekkesikring
Kommunestyret skal også avgjere korleis kostnadene for eit sikringstiltak mot bekkeflaum i tre bekker i Ål sentrum skal fordelast mellom grunneigarane som får nytte av tiltaket. Prosjektet er kostnadsrekna til om lag 13,5 millionar kroner, og NVE har innvilga 90 prosent i tilskot, 12,1 millionar kroner – under føresetnad av at kommunen får til eit fordrøyingsbasseng på Skrattegard, noko det enno ikkje er inngått avtale om. Saka har vore gjennom flere rundar etter at formannskapet i april sendte ho tilbake fordi fleire grunneigarar ikkje hadde fått informasjon i tide, og det kom inn åtte ulike innspel frå grunneigarar om korleis kostnadene bør delast – blant anna forslag om at kommunen bør ta hele eigendelen sjølv, og usemje om kva eigedomar som har mest nytte av tiltaket. Formannskapet landa samrøystes på ein kombinasjonsmodell som blandar tre av dei fem utrekningsalternativa som har vore utgreidd.
Ny plan for naturmangfald til sluttbehandling
Etter ei tredje gongs handsaming skal kommunestyret vedta ein kommunedelplan for naturmangfald for perioden 2026–2030, som skal vere kunnskaps- og styringsgrunnlag for korleis kommunen forvaltar naturen framover. Etter førre runde i kommuneplanutvalet er planen mellom anna supplert med målbare indikatorar og eit prinsipp om arealnøytralitet, og tiltaksdelen er styrka innan villrein, våtmark, skog og kulturlandskap. Rådmannen peikar på at arealendringar er den viktigaste påverknadsfaktoren for naturmangfaldet i kommunen.