Gol vil bygge samanbindingsheis og 65 nye hyttetomter på Bualie
Kommunestyret i Gol skal vedta ny skiheis mellom Bualie og Storefjell og 65 nye hyttetomter, etter 32 høyringsinnspel.
Kommunestyret i Gol skal 8. september gjere andre gongs handsaming og eigengodkjenning av detaljreguleringa for skiheis og utviding av Bualie hyttefelt. Planen legg til rette for ein samanbindingsheis mellom skianlegga på Bualie og Storefjell, i tillegg til 65 nye hyttetomter. Utval for natur og næring har alt gitt sin tilråding i møte 25. august.
Planen har vore ute på høyring i perioden 10. april til 26. mai, og det kom inn 32 innspel. Kommunedirektøren tilrår at planen vedtas med to tillegg til føresegnene: eit forbod mot alle tekniske inngrep i myr innanfor planområdet, og ei eiga omsynssone for flaum der bygg ikkje kan plasserast før tryggleiken er godt nok utgreidd.
Statsforvaltaren ville ta ut naturbeitemark
Statsforvaltaren meiner eit område på om lag 11 dekar naturbeitemark, kalla Ørterhovda S2, burde takast ut av planen fordi det er ein sårbar naturtype. Administrasjonen i Gol er ikkje samd, og peiker på at planen allereie har svært tett utnytting og at informasjonen om naturtypen var kjent alt då planen først vart handsama. Samtidig legg administrasjonen fram eit forslag til tilleggsvedtak dersom politikarane likevel ønskjer å ta ut dei aktuelle hyttetomtene. Kommunen opplyser at vedtak av planen som han ligg føre no, vil innebere at kommunen mister om lag 11 dekar av si samla naturbeitemark, som i 2023 var registrert til totalt 1107 dekar i heile kommunen.
Mange av høyringsinnspela kjem frå eigarar av eksisterande hytter i området, som meiner fortettinga vil redusere verdien på eigedomane deira. Administrasjonen skriv at dei har forståing for reaksjonen, men meiner argumentet ikkje kan vege tungt nok til å endre planen, sidan Bualie er eit av kommunens satsingsområde for reiseliv, og ny fritidsbustadbygging bør leggjast til allereie etablerte område framfor nye. Fleire innspel gjeld også friluftsliv og at heismaster vil endre korleis området opplevast, og uro for vasstilgang for både nye og eksisterande hytter. Buskerud fylkeskommune har peikt på at det ikkje er utarbeidd nokon eigen trafikkanalyse for dei 65 nye einingane, men administrasjonen meiner auken i trafikk vil vere liten samanlikna med dagens om lag 1120 bilar i døgnet på fylkesvegen forbi området.