Bjerkreim godkjende plan for førebyggingsmidlar til barn og unge
Levekårsutvalet i Bjerkreim vedtok korleis kommunen skal bruke tilskotsmidlar frå eit statleg førebyggingsprogram, og bad administrasjonen samarbeide tettare med frivillige tilbod i bygda.
Levekårsutvalet i Bjerkreim godkjende 15. september kommunens plan for bruk av tilskotsmidlane i Kommunalt forebyggingsprogram for barn og unge 2026. Utvalsleiar Bjørn Tore Birkeland (BB) fekk samrøystes vedteke eit tilleggsforslag om at administrasjonen skal ta kontakt med eksisterande tilbod i Bjerkreim for å kartleggje korleis ein kan få til eit godt samarbeid. Det kommunale tilbodet skal vere eit supplement, ikkje ein konkurrent, til det frivillige, og administrasjonen og dei frivillige aktørane kan mellom anna snakke om å gjere etablerte tilbod meir synlege og tilgjengelege.
Representant til trafikktryggingsgruppe
I samband med rulleringa av trafikksikkerhetsplanen skal levekårsutvalet, formannskapet, ungdomsrådet og LMT-utvalet kvar velje ein representant til ei arbeidsgruppe. Etter diskusjon i utvalet melde Aleksander Meihack Thu (Frp) seg som levekårsutvalets representant, og vart valt.
Orienteringar
Utvalet fekk i møtet orientering om korleis kommunen jobbar med personvern og elevars tryggleik på nett i Bjerkreimskulen, om prosjektet UngJobb, om nytt pasientjournalsystem og om ei ny utviklings- og forvaltningseining organisert under kommunalsjefen for levekår. Kommunalsjefen for oppvekst og kultur fortalde om ein god start på skuleåret i skular og barnehagar.
Protokollen frå førre møte vart godkjend utan merknad, og referatsaker samt informasjon og spørsmål vart tekne til etterretning.