Time vil ha ulik opningstid på valdagen i ulike krinsar
Time valstyre skal 2. september ta stilling til å halde vallokala i Lye og Frøyland krins stengde til klokka 12 på valdagen i 2027, med grunngjeving i lite oppmøte om morgonen.
Time valstyre skal møtast 2. september og fastsetje valdag og opningstider for kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2027.
Valdagen er i statsråd 7. mai 2026 fastsett til måndag 13. september 2027. Kommunedirektørens innstilling er at Time held valet over éin dag, og at opningstidene blir klokka 9-21 i Bryne krins, men klokka 12-21 i Undheim, Lye og Frøyland krinsar.
Kvifor ikkje sundagsval
Kommunestyret kan etter vallova opne for val også sundag 12. september, men kommunedirektøren rår frå dette. Ifølgje saksframlegget har tidlegare sundagsval i Time ikkje vist seg å auke valdeltakinga, og det finst heller ikkje forsking som syner ein slik effekt. Eit todagars val vil dessutan ha økonomiske konsekvensar, både personalmessig, organisatorisk og i godtgjersle til valfunksjonærane. Kommunedirektøren viser i staden til at det blir lagt godt til rette for førehandsstemming, som varer frå 10. august og fram til fredagen før valdagen, med moglegheit for tidlegstemming frå 1. juli. Det blir også lagt til rette for førehandsstemming på institusjonar og ved Bryne vidaregåande skule, samt heimestemming for sjuke og uføre.
Ulik opningstid
Kommunedirektøren grunngjev framlegget om seinare opning i Lye og Frøyland krins med ein stor auke i førehandsrøystinga dei siste vala, lågt oppmøte i morgontimane, og erfaringar frå krinsleiarane om lite trykk før klokka 12. Sidan veljarane kan stemme i kva krins dei ønskjer innanfor kommunen på valdagen, vurderer kommunedirektøren at endringa ikkje vil svekkje tilgjengelegheita for veljarane. Bryne og Undheim krinsar held opningstidene uendra.