Time og Klepp går inn for felles ungdomsskule på Kvernaland
Utval for levekår i Time har slutta seg til ei avtale om felles ungdomsskule for Klepp og Time på Kvernaland, ei sak som no går vidare til kommunestyret.
Utval for levekår i Time slutta seg samrøystes 26. august til framlegget om ein vertskommuneavtale mellom Klepp og Time kommune om felles ungdomsskule på Kvernaland. Saka går no vidare til kommunestyret.
Ny skule frå hausten 2027
Innstillinga inneber at kommunestyret i Time skal vedta ein vertskommuneavtale med verknad frå og med 1. august 2027, med oppstart for den felles ungdomsskulen frå skuleåret 2027/2028. Naudsynte tilpassingar av bygg og uteområde skal gjennomførast frå hausten 2026 og vere ferdigstilte til skulestart 2027. Det er sett av 500 000 kroner til forprosjekt i andre tertial, medan den samla investeringsramma skal innarbeidast i Time kommune sin handlings- og økonomiplan for 2027–2030. Det skal òg leggjast fram ei eiga namnesak for skulen, med utgangspunkt i at dette blir ein ny felles ungdomsskule for Orstad og Frøyland.
Både ungdomsrådet og utval for levekår har no slutta seg samrøystes til kommunedirektøren si innstilling.
Tre brukarundersøkingar til orientering
Utvalet tok også tre brukarundersøkingar til orientering, etter fellesframlegg frå senior- og brukarrådet: éi frå institusjon (langtid), éi frå dagsenter for eldre og éi frå Vibå dagsenter. I to av sakene bad utvalet kommunedirektøren følgje opp tiltak for å styrkje brukarmedverknaden i tenestene, og i saka om institusjon vart kommunedirektøren bedt om å følgje opp ein vedlagd tiltaksplan.
Møteplan og referatsaker
Utvalet godkjende samrøystes den politiske møteplanen for 2027 og tok referatsakene til orientering. Utvalet fekk også orienteringar om Blå Kors Bryne og om Time kommune og Samver, ei samordningsgruppe mot valdeleg ekstremisme.