Datasenter i Fyresdal utløyser behov for 200 nye bustader på fem år

Kommunestyret i Fyresdal skal 17. september vedta ein ny bustadstrategi, etter at etableringa av eit datasenter på Molandsmoen har utløyst eit bustadbehov kommunen ikkje tidlegare har planlagt for. Same møte skal kommunestyret avgjere om det held fast ved å avvise eit erstatningskrav frå eit fiskeoppdrettsselskap som mista over 300 000 yngel.

Fyresdal kommune har selt tomteareal til det amerikanske datasenterselskapet EdgeConneX, som skal etablere seg på Molandsmoen. Ifølgje kommunedirektøren kan etableringa og ringverknadene av ho utløyse behov for minst 200 nye bueiningar dei komande fem åra – eit vesentleg større bustadbehov enn det vesle kommunesenteret tidlegare har planlagt for. Kommunestyret skal derfor vedta ein ny bustadstrategi som skal gi ei samla retning for arbeidet, mellom anna kva bustadtypar og kva lokalisering kommunen bør satse på, og kva rolle kommunen sjølv skal ha opp mot private utbyggjarar.

Strategien legg opp til at hovudtyngda av veksten bør skje sentrumsnært der kommunen alt har teneste- og infrastruktur, men at det framleis skal vere rom for einebustader og spreidd busetjing i grendene. Kommunen opnar samtidig for at kommunale bustader kan seljast til leigetakarar der det ikkje går ut over bustadsosiale eller rekrutteringsmessige behov, men understrekar at kommunen åleine ikkje kan løyse heile bustadbehovet, og at strategien ikkje i seg sjølv inneber nye løyvingar.

Held fast ved avslag etter massedød av fiskeyngel

Kommunestyret skal på nytt ta stilling til eit erstatningskrav frå Telemarkrøye AS, som driv yngelanlegg på Molandsmoen. I februar 2025 fekk Fyresdal vassverk eit prøvesvar som viste avvik i drikkevatnet, og kommunen sende ut kokevarsel og klorerte lett på leidningsnettet for å sikre innbyggjarane trygt vatn. Telemarkrøye AS opplyser at 325 114 yngel døydde i same periode, og meiner dødsfallet skuldast klorhaldig vatn frå det kommunale vassverket. Selskapet har kravd kompensasjon for eit direkte tap på over 1,3 millionar kroner, i tillegg til eit vesentleg større tap i framtidig inntekt.

Formannskapet avslo kravet samrøystes i fjor sommar, og kommunestyret stadfesta avslaget med ni mot fire røyster. No har selskapets advokat sendt eit prosessvarsel og truga med søksmål, med påstand om at det tidlegare vedtaket bygde på mangelfull informasjon om kontakten mellom vassverket og selskapet. Kommunedirektøren meiner likevel at kommunen varsla i tråd med drikkevassforskrifta, at selskapet sjølv var nærast til å kjenne og sikre seg mot risikoen ved å bruke kommunalt vatn i ein så sårbar produksjon som yngeloppdrett, og at det ikkje er lagt fram dokumentasjon som endrar konklusjonen fra i fjor. Kommunedirektøren tilrår derfor at kommunestyret held fast ved det tidlegare avslaget.

Vil opprette turnusplass for fysioterapeut

Kommunestyret skal også ta stilling til om Fyresdal skal opprette ein eigen turnusplass for fysioterapeut frå august 2027, med ei årleg budsjettramme på inntil 450 000 kroner frå 2027. Kommunedirektøren peikar på at auka fysioterapikapasitet kan gi raskare kartlegging og behandling, kortare ventetid og at fleire kan meistre kvardagen sjølv, men understrekar at gevinstane er venta effektar og ikkje garanterte innsparingar. Kommunen kan for øvrig bli pålagt å opprette ein slik plass av Helsedirektoratet dersom det oppstår mangel på turnusplassar regionalt.

Les alle saksdokumentene her (Kilde)

Velg område

Ukategorisert

Ingen regioner.