Nissedal ungdomsråd søkjer om pengar til eige ungdomsrom

Nissedal ungdomsråd har søkt omstillingsprogrammet Lyft om husleigestøtte til eit uorganisert rom for ungdom, og har fått eit førebels ja mot at prosjektet blir drøfta med politiet og SLT-koordinatoren.

Nissedal ungdomsråd skal 25. august mellom anna konstituere seg for perioden 2026–2027 og velje leiar og nestleiar. Kommunedirektørens tilråding er at ungdomsrådet konstituerer seg, og at det offisielle valet blir gjort av kommunestyret i møtet 10. september. I same sak ligg det og føre ei tilbakemelding frå omstillingsprogrammet Lyft på ein søknad frå ungdomsrådet.

Vil ha eit uorganisert rom utan faste opningstider

Ungdomsrådet har søkt Lyft om midlar til eit ungdomsrom retta mot ungdom frå 8. klasse til 18 år, med tak, varme og nett, men utan faste opningstider – ein stad ungdommen «kan kome og gå når vi vil». Ideen er inspirert av eit liknande tiltak i Fyresdal. Ungdomsrådet ønskjer kameraovervaking, natteravnordning, totalforbod mot alkohol og tobakk, og skisserer stenging i tre veker som konsekvens ved mobbing eller hærverk. Rådet søkte om 50.000 kroner frå Lyft for 2026, i tillegg til 50.000 kroner frå 2025 som aldri kom rådet til gode. Lyft svarer i eit brev at søknaden er lyft fram for styret, som er nysgjerrige på prosjektet. For å få innfridd søknaden om å dekkje husleige inntil 50.000 kroner, ønskjer styret at tiltaket først blir drøfta med politiet, SLT-koordinatoren i kommunen og ein eventuell huseigar. Lyft presiserer at midlane ikkje kan gå inn i ordinær drift, og at ungdomsrådet sjølv må finne ein modell for å finansiere prosjektet vidare etter ein prøveperiode.

Forslag om ein til to dagar med gratis skulemat

Ungdomsrådet skal òg handsame eit forslag om tilskot til gratis skulemat, utarbeidd av ein elev som var utplassert som kommunedirektør ei veke. Kommunedirektørens tilråding er at ungdomsrådet vedtek at mellomtrinnet får éin til to dagar med skulemat, eit moderat tiltak innanfor dagens økonomiske rammer.

Les alle saksdokumentene her (Kilde)

Velg område

Ukategorisert

Ingen regioner.