Nærøysund vil regulere nedlagt turistanlegg til fritidsbustader
Formannskapet skal sluttbehandle reguleringsplanen for Follakroa, det tidlegare turistanlegget ved Foldereid som har stått ubrukt sidan 2012, og som no blir omregulert til fritidsbustader og naust.
Formannskapet i Nærøysund skal 15. september sluttbehandle reguleringsplanen for Follakroa, eit tidlegare turistanlegg med kro, utleigehytter og småbåtanlegg på ei odde sør for Foldereid sentrum. Kommunedirektøren innstiller på at planen blir vedteken slik ho ligg føre, før saka går vidare til kommunestyret for endeleg vedtak.
Anlegget vart etablert på 1970- til 1990-talet, men har stått utan drift sidan 2012. I 2024 vart det søkt om dispensasjon for å frådele fleire parsellar til fritidsbustader, men både Statsforvaltaren, Statens vegvesen og Trøndelag fylkeskommune fråråda dette. Statsforvaltaren peika særleg på at ei frådeling ville privatisere strandsona og vere i strid med plan- og bygningslova. Søknaden vart trekt, og grunneigar Stein Bettum starta i staden ein eigen reguleringsprosess for området.
Planen legg til rette for at dei minste hyttene kan utvidast noko, medan bygningar nærmast sjøen skal rivast for å sikre ålmenta sin tilgang til strandsona. Planen opnar samstundes for fleire naust og reetablering av småbåtanlegget. Arealet er i dag sett av til landbruks-, natur- og friluftsføremål i kommunedelplanen, men vart teke inn som innspel til fritidsbustader då kommuneplanens arealdel var på andre gongs høyring, og forslaget er no innarbeidd i reguleringsplanen.