Visit Eidfjord med kraftig inntektsauke og fast tak på 4500 cruisepassasjerar dagleg
Styret i Visit Eidfjord KF fekk 27. august presentert eit rekneskap med klar auke i inntektene samanlikna med i fjor, og fekk oppdatering på berekraftspolicyen som avgrensar talet på cruisepassasjerar til maks 4500 per dag.
Styret i Visit Eidfjord KF møttest 27. august på Halne Fjellstugu.
Rekneskap
Rekneskapen per juli synte periodiserte driftsinntekter i juli på 4 547 974 kroner, og 14 097 789 kroner hittil i år, noko over budsjett. Dette er ein klar auke frå same periode i fjor, då inntektene i juli var 3 027 751 kroner og 10 414 322 kroner ved utgangen av juli 2025, mykje på grunn av auka kaivederlag. Resultatet for juli var eit overskot på 2 627 215 kroner mot budsjettert 2 473 218 kroner, og akkumulert overskot per juli var 4 694 745 kroner. Lønskostnadene ligg noko over budsjett, og ekstra kostnader til kaidrifta i anleggsperioden vil bli trekt frå i neste rekneskap. Saldoen på konto var 3 478 000 kroner per 31. juli, etter at 6 millionar kroner var overført til Eidfjord kommune.
Berekraftspolicy og tak på cruisetrafikk
Styret fekk ei orientering om status for berekraftspolicyen «One ship policy», som set eit tak på maksimalt 4500 passasjerar per dag, og om gjennomførte tiltak i første halvår. Styret vart også orientert om status for Plug Eidfjord, hamnedrifta og beredskapsrutinane, og om datagrunnlag for målretta marknadsføring.
Styret vedtok samrøystes ein ny styreinstruks for selskapet.