Ullensvang vil kjøpe eigedom for 7 millionar til ny brannstasjon i Røldal
Formannskapet i Ullensvang skal 3. september ta stilling til fem alternativ for ny brannstasjon i Røldal, etter at kommunestyret i mai sendte saka i retur for eit betre samanlikningsgrunnlag. Møtet tek også opp skulestruktur, ein ny hamnebåt til 4,5 millionar kroner og ei omstridd opning for varmesikte på hjortejakt.
Formannskapet i Ullensvang har fleire store investeringssaker på sakslista 3. september, som skal vidare til kommunestyret.
Vil kjøpe eigedom for 7 millionar til brannstasjon i Røldal
Etter at kommunestyret i mai sende saka i retur og bad om reelle, samanliknbare alternativ, har rådmannen no lagt fram fem ulike løysingar for ny brannstasjon i Røldal, utgreidde av Norconsult. Rådmannen tilrår alternativet med kjøp av eigedommen Runnane 14 for 7 millionar kroner og ombygging av det eksisterande bygget – tidlegare kjent som Røldalsgarasjen – til 25 millionar kroner. Ifølgje Norconsult er dette det rimelegaste alternativet av dei fem, og stasjonen skal dimensjonerast for 16 deltidsmannskap. Dei fire andre alternativa, som inneber kjøp av andre tomter og dels nybygg, har samla kostnadsrammer på mellom 36,9 og 42,5 millionar kroner.
800 000 kroner til utgreiing av felles skule på vestsida
Kommunestyret skal også vedta mandatet for ei ekstern utgreiing av ein mogleg felles skule på vestsida av Sørfjorden, med ei kostnadsramme på inntil 800 000 kroner til konsulenttenester. Utgreiinga skal etter planen vere klar innan juni 2027, og skal sjå på både økonomi, bygningsteknisk tilstand, skuleskyss og demografi. Rådmannen legg vekt på ein open medverknadsprosess med elevar, tilsette og innbyggjarar undervegs.
Ny hamnebåt for 4,5 millionar
Ullensvang kommune vil kjøpe ein ny, fleirfunksjonell hamnebåt til inntil 4,5 millionar kroner, finansiert med lån. Dagens hamnebåt er open og lite eigna til lengre transportar eller dårleg vêr. Den nye båten skal blant anna brukast til beredskap ved akutt forureining, transport av eige personell ved vegras og ulykker der sjøvegen er einaste farbare veg, og kan leigast ut til til dømes Kystverket for å gi kommunen ekstra inntekter.
Opnar for varmesikte på hjortejakt
Formannskapet skal vedta ei ny forskrift som mellom anna opnar for bruk av termiske og restlysforsterkande siktemiddel ved jakt på hjort i ope terreng, etter at slikt utstyr i utgangspunktet vart forbode i den nye viltressurslova frå 1. juli. Rådmannen grunngjev opninga med høg hjortebestand og dokumenterte beiteskadar i landbruket, og viser til at talet på sett hjort per jegerdag har auka frå 1,39 i 2020 til 1,54 i 2025. Forslaget har fått åtte høyringsinnspel, mellom anna frå dyrevernorganisasjonen NOAH, som har oppfordra kommunen til å oppretthalde forbodet. Rådmannen tilrår likevel at forskrifta blir vedteken som føreslått, med krav om at kommunen vurderer behovet på nytt kvart femte år.