Årdal formannskap har strategimøte om budsjett og økonomiplan
Formannskapet i Årdal har arbeidsmøte 27. august, i dialog med hovudtillitsvalde, hovudverneombod og administrativ leiargruppe, for å leggje grunnlag for arbeidet med budsjett og økonomiplan.
Formannskapet i Årdal har arbeidsmøte 27. august i kommunestyresalen, frå klokka 8 til 14.15. Møtet er lagt opp som eit strategimøte i dialog mellom formannskapet, hovudtillitsvalde, hovudverneombod og den administrative leiargruppa, for å leggje grunnlaget for det vidare arbeidet med budsjett og økonomiplan.
Dagen innleiast med eit innlegg om sentrale utviklingstrekk ved dagleg leiar i Årdal utvikling, Geir Hansen, med stikkord som nyskaping og vekst i næringslivet, kompetanse og rekruttering, og bustadattraktivitet. Deretter følgjer gruppearbeid om strategiske val for framtida, før ettermiddagen brukast på tverrfagleg tenesteyting, tenester til barn og unge, tenester til eldre, og ein tiårsplan for investeringar. Formannskapet sitt ordinære møte startar etter at strategimøtet er ferdig.