Bremanger-rådet ber om avklaring på eigenbetaling for tryggleiksalarm
Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne reagerer på at trygghetsalarm er ei betalt teneste i Bremanger, og ber samstundes om at det blir sett av pengar til grusing av gangvegar ved kyrkjegardane.
Råd for menneske med nedsett funksjonsevne i Bremanger tok 8. september opp fleire saker frå FFO Vestland, mellom anna at kommunen manglar ei lokal forskrift om bandtvang, og at det er behov for tydelegare vedtak i tenester som blir gitt i samlokaliserte bustader og bufellesskap. Rådet ønskjer også ei presisering av praksisen med eigenbetaling for tryggleiksalarm. I Bremanger er tryggleiksalarm i dag ei betalt teneste, fordi han ikkje reknast som helsehjelp, men rådet meiner det er behov for ein meir likeverdig praksis.
Rådet fekk orientering om at grusing av gangvegar, mellom anna armering av grusvegen ved Grotle gravplass, framleis ikkje er sett av midlar til, sjølv om planane ligg klare. Kostnaden for berre Grotle er anslått til 100.000–200.000 kroner. Ivar Hauge orienterte på vegner av kyrkjeleg fellesråd om at det nyleg var møte med ordføraren for å få midlar inn i budsjettet, og at han truleg skal møte i finansutvalet for å orientere om saka. Rådet ønskjer å spele saka inn til den kommande budsjettbehandlinga. Tilgjenget til HC-toalett ved Ålfoten kyrkje er også eit ope spørsmål, sidan tiltaket krev ei arkeologisk utgraving først.