Stad Energi- og Eigedomsutvikling tilrår nei til massemottak frå skipstunnelen
Styret i Stad Energi- og Eigedomsutvikling KF skal ta stilling til om kommunen bør inngå avtale med Kystverket om å ta imot 220 000 kubikkmeter steinmassar frå Stad skipstunnel til næringsområdet på Moldestad.
Styret i Stad Energi- og Eigedomsutvikling KF (SEEKF) skal 31. august handsame spørsmålet om Stad kommune skal inngå ein gjennomføringsavtale med Kystverket om mottak av steinmassar frå bygginga av Stad skipstunnel til næringsområdet på Moldestad. Kystverket har sett svarfrist 15. september 2026.
Dagleg leiar tilrår å takke nei
Dagleg leiar rår styret til å tilrå Stad kommunestyre å ikkje inngå avtale med Kystverket om mottak av massar frå skipstunnelen til Moldestad næringspark. Bakgrunnen er ei kalkyle som syner at investeringskostnaden er berekna til om lag 66,82 millionar kroner inkludert meirverdiavgift, tilsvarande om lag 2 300 kroner per kvadratmeter ferdig opparbeidd næringsareal, i tillegg til årlege rente- og kapitalkostnadar på om lag 4 millionar kroner ved seks prosent rente. Området skal etter planen gje 29 dekar salbart næringsareal.
Dagleg leiar meiner risikoen knytt til investering, finansiering og framtidig sal av næringsarealet er for høg sett opp mot dagens marknadsgrunnlag, og peiker på at kommunen ikkje har økonomisk handlingsrom til å vere eit mottaksapparat for massane i dag. I staden vert det tilrådd å marknadsføre næringsområdet og avklare interessa frå moglege etablerarar, i samråd med Kystverket.
Kommunestyret godkjende i sak KS-25/161 ein intensjonsavtale med Kystverket om mottak av om lag 220 000 kubikkmeter steinmassar til utvikling av Moldestad næringspark, men tok atterhald om endeleg kommunestyrehandsaming før ein gjennomføringsavtale kan inngåast.
Fullmakt til løn for dagleg leiar
Styret skal også handsame ei sak om lønnsjustering for dagleg leiar i samband med lønsoppgjeret for 2026. Styreleiar tilrår at leiar får fullmakt frå styret innanfor ei ramme fastsett i styremøtet.