Alver vil bygge seks midlertidige bustader i Knarvik for bustadlause

Alver har hatt lovbrot fordi bustadlause ikkje fekk tak over hovudet. No føreslår kommunen seks midlertidige bustader i Knarvik.

Utval for levekår i Alver skal 1. september ta stilling til eit framlegg om å etablere seks midlertidige bustader i Knarvik. Saka skal same veke også til uttale i ungdomsråd, eldreråd og råd for menneske med nedsett funksjonsevne, før formannskapet gir si innstilling og kommunestyret gjer det endelege vedtaket.

Kommunedirektøren føreslår at kommunestyret løyver 10 millionar kroner, inkludert meirverdiavgift, til å etablere bustadene, i tillegg til 2,6 millionar kroner i årlege driftskostnader. Bustadene er tenkt plassert på ei kommunal tomt i Osterfjordvegen i Knarvik, tett på E39.

Aukande tal bustadlause

Bakgrunnen er eit aukande behov for midlertidig butilbod til personar som står utan bustad, i hovudsak menneske med rus- og/eller psykiske helseutfordringar. Kommunen har etter lova plikt til å skaffe eit forsvarleg butilbod til dei som ikkje har nokon stad å sove neste natt. Ifølgje saksframlegget hadde Alver sju avvik i 2025 der kommunen ikkje klarte å oppfylle denne plikta, og to avvik så langt i første halvår 2026. Talet på registrerte bustadlause i kommunen har auka og var 37 per 20. august i år.

I dag nyttar kommunen tre kommunale bustader til føremålet, men dei er ikkje bygd for målgruppa, og kommunen må ofte betale for reparasjonar utover det forsikringa dekker. Alver har tidlegare kjøpt midlertidig butilbod i Bergen, men leverandørane der har lagt ned drifta, og kommunen skriv at presset i nabokommunane no gjer det naudsynt å ha eit tilbod i eigen kommune.

Åtte modular med seks einingar

Planen er å sette opp åtte modulbygg på tomta: seks bueiningar på om lag 18 kvadratmeter kvar, i tillegg til eit vaktrom og eit vaskerom. Bueiningane skal vere robuste og tilpassa hard bruk, og er meint for kortvarig opphald, i utgangspunktet inntil 14 dagar. Fordi det kommunale avløpsanlegget i Knarvik ikkje er ferdig, må det etablerast ei mellombels privat avløpsløysing, og det må søkjast dispensasjon frå plankrav for tomta.

Kommunen har vurdert risiko ved plasseringa og foreslår fleire tryggingstiltak, mellom anna støyskjerming mot E39, lys og skjerming av uteområdet, brannalarmanlegg og periodevis tilsyn frå vekterteneste. Kommunedirektøren peiker på at alternativet – å halde fram med dagens ordning – ikkje er ei forsvarleg løysing, sidan den alt fører til brot på lova.

Ifølgje framdriftsplanen skal søknadsprosessen gå frå oktober til januar, med bestilling av modular før nyttår og montering våren 2027. Kommunen tar sikte på at butilbodet kan opne i juli 2027.

Les alle saksdokumentene her (Kilde)

Velg område

Ukategorisert

Ingen regioner.