Feil i avstemming kan ha endra utfallet i skulesaka i Gulen
Eit forslag frå Ap vart aldri sett under votering i Gulen. Feilen vart ikkje oppdaga før kommunestyret alt hadde gjort endeleg vedtak.
Formannskapet i Gulen skal 3. september få lagt fram eit notat frå kommunedirektøren om ein saksbehandlingsfeil i eige møte 4. juni. Under handsaminga av sak 29/26, om oppfølging av PwC-rapporten for oppvekst og kultur, fremja Arbeidarpartiet ved ordførar May-Lynn Osland eit tilleggsforslag. Ved ein feil vart forslaget aldri sett under votering, fordi det ifølgje notatet var ei oppfatning i møtet om at alle ville stemme for det uansett.
Feilen vart ikkje fanga opp verken då møteboka vart godkjend, då protokollen vart ferdigstilt og sendt ut, eller då saka gjekk vidare til kommunestyret. Det var først etter at kommunestyret hadde gjort sitt endelege vedtak i saka at nokon spurte kvar tilleggsforslaget frå formannskapet hadde blitt av, og feilen vart oppdaga ved gjennomgang i etterkant.
Spørsmålet om vedtaket held
Arbeidarpartiets forslag var eit tillegg til eit punkt om at administrasjonen skulle greie ut dei økonomiske konsekvensane av strukturendringar i skulesektoren, mellom anna ei eventuell felles ungdomsskule. I sjølve kommunestyremøtet fremja i staden Senterpartiet eit alternativt forslag om at administrasjonen skulle leggje bort arbeidet med felles ungdomsskule – eit forslag kommunedirektøren omtaler som eit prinsipielt framlegg som stogga det vidare arbeidet med spørsmålet.
Kommunedirektøren har vurdert om den opphavlege feilen i formannskapet kan ha hatt betydning for utfallet i kommunestyret, mellom anna om Senterpartiet ville ha fremja sitt forslag i same form dersom Ap sitt tilleggsforslag hadde vore med i saksgrunnlaget. Konklusjonen er at feilen truleg ikkje var avgjerande, og at vedtaket difor vert vurdert som gyldig. Kommunedirektøren understreker samtidig at det er opp til kommunestyret sjølv å vurdere spørsmålet annleis, og at eit vedtak berre står til eit nytt er fatta. Framdrifta i omstillingsarbeidet i kommunen skal uansett stå på sakslista i kvart kommunestyremøte utover hausten.
Pengar til vegen til Sellevåg Treskofabrikk
Formannskapet skal same dag ta stilling til ein søknad om økonomisk støtte til å utbetre tilkomstvegen til Sellevåg Treskofabrikk, eit kulturminne og formidlingssenter for lokal industrihistorie i kommunen. Ein open dag ved fabrikken 15. august samla om lag 125 besøkjande, men den auka trafikken saman med regnvêr har gjort grusvegen fram til fabrikken svært gjørmete. Utbetring er kostnadsrekna til 23 750 kroner inkludert meirverdiavgift, og arrangørane søkjer kommunen om bidrag, då dei sjølve sit att med om lag 6 000 kroner i overskot frå arrangementet.
Vidare på sakslista står mellom anna oppfølginga av PwC sin rapport om helse og omsorg, ein gjennomgang av avtalar knytt til museumsdrift i kommunen, grunnerverv til ein gang- og sykkelveg mellom Steine og Hovden, ei vurdering saman med Masfjorden kommune av kvar ein ny fast miljøstasjon for avfall bør ligge, og ei sak om Gulen sin avtale med reiselivsselskapa VisitFjordkysten og Sunnfjord.