Gulen kommunestyre delt i skule- og barnehagesaka – vil greie ut fleire alternativ
Med ti mot ni røyster valde kommunestyret ei brei utgreiing av framtidig barnehage- og skulestruktur, framfor å gå rett på innsparingstiltaket administrasjonen hadde føreslått. Same møte vedtok kommunestyret å busetje ti flyktningar i 2027 og starte arbeidet med ny brannstasjon på Byrknes.
Kommunestyret i Gulen møttest 10. september, og det mest omstridde punktet på sakslista var framtidig struktur for barnehage og skule.
Delt i barnehage- og skulesaka
Formannskapets innstilling gjekk ut på å leggje samdrift av barnehagetilbodet i Dalsøyrakrinsen ved Dalsøyra barnehage inn som eit innsparingstiltak i budsjett- og økonomiplanen i desember, med sikte på iverksetjing frå barnehageåret 2027/2028. Forslaget fekk støtte frå dei ni representantane frå KrF, Senterpartiet og Venstre, men tapte mot eit alternativt forslag frå Severin Rokne (H), som fekk ti røyster frå Uavhengig, Arbeidarpartiet og Høgre.
Kommunestyret ber i staden kommunedirektøren utarbeide ei overordna utgreiing av alternative modellar for framtidig barnehage- og skulestruktur, før det vert teke endeleg stilling til investeringar ved Dalsøyra barnehage eller samdrift i Dalsøyrakrinsen. Utgreiinga skal som minimum vurdere fem alternativ, som alle inneber at Hovden barnehage vert avvikla og barnehagetilbodet samla på Dalsøyra. I dei mest omfattande alternativa inngår også nedlegging av Dalsøyra skule, eller av ungdomssteget ved Byrknes og Eivindvik skule, med elevane samla ved Dalsøyra skule. For kvart alternativ skal utgreiinga vise innsparingspotensial, investeringsbehov, og konsekvensar for elevar, reisetid, fagmiljø og lokalsamfunn.
I same sak vedtok kommunestyret samrøystes at tiltak retta direkte mot ungdommen, som fellesturar og MOT, skal vere ein del av den overordna strategien for eit trygt og inkluderande oppvekstmiljø – etter forslag frå Beate Haugland (Sp).
Ny brannstasjon på Byrknes
Kommunestyret vedtok å starte opp prosjektet med ny brannstasjon på Byrknes, med tomteval på Gåta og dei skisserte løysingane som grunnlag. Det vert henta inn anbod, og kommunestyret skal ta den endelege investeringsavgjerda når anbodet ligg føre. Samtidig vert det starta ei reguleringsendring av detaljreguleringsplanen for Gåta bustadfelt for å leggje til rette for brannstasjonen.
Busetjing av flyktningar og grunnerverv
Kommunestyret vedtok samrøystes å busetje ti flyktningar i Gulen i 2027. Kommunestyret godkjende òg avtale om at Gulen kommune vederlagsfritt avstår grunn frå ein eigedom ved Steine/Hovden til Vestland fylkeskommune, til bygging av gang- og sykkelveg langs fylkesveg 570 Fensfjordvegen på same strekning.
Gulatinget, landbruksplan og PwC-oppfølging
Kommunestyret vedtok revidert samarbeidsavtale med Vestland fylkeskommune om drift og formidling av Tusenårsstaden Gulatinget, etter at eit forslag frå Severin Rokne (H) om ettårig avtale og ny finansieringsmodell tapte 7 mot 9 røyster. I landbrukssaka vann eit alternativt forslag frå Ingolf Wergeland (KrF): før det vert vedteke endringar i landbruksplanen, skal planen først opp til behandling i hovudutvalet for plan og utvikling, som skal setje opp ei prioriteringsliste. Kommunestyret fekk også orientering om oppfølginga av PwC-rapportane om politikk/administrasjon, helse og omsorg, og oppvekst og kultur, der administrasjonen mellom anna skal greie ut ei interkommunal eining for familie og barn saman med Masfjorden kommune.