Stord vil etablere felles hamneselskap med Kvinnherad, mot Ap og Sp sine stemmer

Kommunestyret skal ta stilling til å etablere Sunnhordland hamn IKS saman med Kvinnherad, etter at utval for byutvikling avviste eit forslag frå Ap om å utsetja saka til verknadene av auka cruiseturisme er utgreidd.

Kommunestyret i Stord skal 17. september ta stilling til om kommunen skal gå inn for ein intensjon om å etablere eit felles interkommunalt hamneselskap saman med Kvinnherad kommune, med namnet Sunnhordland hamn IKS og hovudkontor på Stord. Eit interimsstyre med tre representantar frå kvar kommune, kommunedirektørane, økonomisjefane og ein representant med hamnekompetanse frå kvar kommune skal utarbeide selskapsavtale, eigarstrategi, verdsetjing av kvar kommune sine hamneanlegg og ein økonomisk analyse før endeleg vedtak om oppretting.

I utval for byutvikling foreslo Roger Sagvåg (Ap) å utsetja saka til det er gjort ei konsekvensutgreiing av ei eventuell storstilt satsing på cruiseturisme på Stord, og til ein teknisk og finansiell analyse av Djupavikjo-prosjektet er handsama av fylkeskommunen. Utsetjingsforslaget fall med 6 mot 5 røyster, der Raudt, Senterpartiet og Arbeidarpartiet stemte for utsetjing. Sjølve innstillinga om å etablere selskapet vart deretter tilrådd med same røystetal, 6 mot 5.

All hamneverksemd i dei to kommunane skal leggjast til det nye selskapet, som også skal overta mynde etter hamne- og farvasslova. Eigarstrategien skal mellom anna definere selskapet sitt samfunnsoppdrag, forventa avkastning, investeringsstrategi og klima- og næringspolitiske rolle.

Les alle saksdokumentene her (Kilde)

Velg område

Ukategorisert

Ingen regioner.