Vestland fylkeskommune vil vente med å konkurranseutsette ferjene i Hordaland
Nye ferjekontrakter i Hordaland fra 2030 kan koste fylkeskommunen inntil 700 millioner kroner mer i året enn i dag. Fylkesdirektøren anbefaler derfor å utsette konkurranseutsettingen og heller legge fram et rimeligere alternativ. Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne skal uttale seg om saken 21. september.
Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne i Vestland fylkeskommune skal 21. september 2026 uttale seg om framtiden til dei sytten ferjesambanda i Hordaland, før saka etter planen skal endeleg avgjerast av fylkestinget 29. september.
Alt frå 1,265 til opp mot 2 milliardar kroner
Driftskontraktane for ferjesambanda i Hordaland går ut ved utgangen av 2029. Nye kontraktar frå 2030 er venta å auke dei årlege kostnadene frå om lag 1,265 milliardar kroner i dag til mellom 1,6 og 2 milliardar kroner, i tillegg til mellom 550 og 700 millionar kroner i investeringar i ny ladeinfrastruktur på land. Kostnadsauken kjem mellom anna av at fleire samband skal få to ferjer i staden for éi, og av nye krav til bemanning som skal gje meir robust drift.
Fylkesdirektøren peikar på at auken ikkje er innarbeidd i økonomiplanen, og tilrår difor at fylkestinget ikkje går vidare med konkurranseutsetjing no. I staden bør det leggjast fram ei ny sak med eit rimelegare tilbodsnivå, mellom anna ved å vurdere å redusere rutetilbodet på fleire samband og ikkje innføre ekstra ferjer på sambanda Leirvåg-Sløvåg og Halhjem-Våge slik det opphavleg var tenkt. For å sikre at dagens ferjetilbod held fram i mellomtida, ber fylkesdirektøren om fullmakt til å forlengje avtalane med dagens operatørar.
Kinsarvik-Utne kan bli lagt ned
Dersom fylkestinget likevel vel å gå vidare med konkurranseutsetjing no, ligg det inne eit forslag om å leggje ned sambandet Kinsarvik-Utne frå 2030, mens sambanda Hatvik-Venjaneset, Jondal-Tørvikbygd, Leirvåg-Sløvåg og Halhjem-Våge får auka kapasitet med to ferjer kvar. Alle samband skal etter planen drivast heilelektrisk.
Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne er eitt av fleire medverknadsorgan som får saka til uttale, saman med Fylkeseldrerådet og Vestland ungdomsutval.