Ulvik vurderer å tillate nattoptikk og varmesikte ved hjortejakt
Viltnemnda i Ulvik skal 3. september ta stilling til om det skal opnast for bruk av varmesøkjande og restlysforsterkande siktemiddel ved jakt på hjort. Bakgrunnen er ein hjortebestand som har vakse med meir enn 30 prosent på ti år, trass i mål om reduksjon.
Viltnemnda i Ulvik behandlar 3. september eit framlegg til lokal forskrift som opnar for bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt på hjort. Slike siktemiddel er i utgangspunktet forbodne etter viltressurslova, men kommunar kan gjere unntak dersom det er naudsynt for å avverje alvorleg skade på natur- eller samfunnsinteresser.
Bestanden har vakse trass i mål om reduksjon
Ulvik herad har eit bestandsmål om ein stabil hjortestamme som over tid kan gje ei årleg avkastning på minimum 55 dyr. Det gjennomsnittlege årlege uttaket dei siste tre åra har likevel passert 104 dyr, og bestanden har ifølgje sakspapira auka med meir enn 30 prosent dei siste ti åra – dette sjølv om heradet har jobba for å redusere bestanden som eit CWD-førebyggjande tiltak. Jaktåret 2025–2026 fall fellingstalet for første gong på fem år, men det er for tidleg å seie noko sikkert om trenden, og viltnemnda har difor sett i gang vårteljing.
Hjorten gjer ifølgje sakspapira betydeleg skade på frukthagar, produktiv skog og anna landbrukseigedom, og aukar risikoen for viltpåkøyrsler langs fylkesvegen om vinteren. Kommunedirektøren si vurdering er at restlysforsterkande og termiske siktemiddel kan bidra til meir effektiv og målretta jaktutøving, og går inn for at forskrifta vedtakast.
Delte høyringssvar
Framlegget har vore på høyring med frist 1. september. Landbruksdirektoratet meiner Ulvik bør gjere ei grundigare vurdering av kor skadeomfanget er geografisk fordelt i heradet. Eidfjord kommune, som sjølv har sendt eit tilsvarande framlegg på høyring, ønskjer mest mogleg lik praksis mellom nabokommunane. NOAH – for dyrs rettar har oppmoda kommunar generelt om ikkje å opne for slike siktemiddel, og peiker på at kunnskapsgrunnlaget om konsekvensar for dyrevelferd og natur framleis er mangelfullt. Forskrifta skal etter framlegget takast opp til ny vurdering etter fem år.
Andre saker
Viltnemnda skal òg handsame eit forslag til reglement for eiga verksemd, som skal vidare til heradsstyret 16. september, og ei rekkje meldingar – mellom anna eit tilskot på 500 000 kroner frå Natursats til kartlegging av hummar i Hardangerfjorden og ein dispensasjon frå krav om godkjend ettersøkshund i Hardangervidda villreinområde.