Vaksdal kommunestyre held temamøte om planarbeid
Kommunestyret møtes 17. september til ein heildags arbeidssesjon om planlegging og arealbruk, med KS-representant Tom Gundersen som rådgjevar.
Møtet er eit temamøte i Eidsland Grendahus frå klokka 10:00 til 16:00. Kommunestyretet skal bygge opp kunnskap om planlegging som styringsverktøy og kommunestyrets rolle som planmyndigheit.
Tom Gundersen frå Kommunesektoren (KS) går gjennom samanhengen mellom kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel, innføring i plansystemet og plan- og bygningslova, og rollene mellom politikk og administrasjon i planarbeidet.
Møtet behandlar Vaksdal kommune sin komande rullering av kommuneplanen sin arealdel, med fokus på utfordringar, framdrift og politiske forventningar. Det blir reflesjon og gruppearbeid for å få eierskap til planprosessen.