Voss tok besøksbidraget ut av handlingsplanen – strategien skal virke uansett
Høyringa gav brei støtte, men fleire ville at spørsmålet om turistavgift skulle handsamast for seg. No er punkta fjerna, og ei toleevneanalyse er prioritert til 2027.
Utval for klima, miljø og beredskap i Voss møtest 2. september, med oppmøte på reservevassanlegget på Bømoen klokka tre. Etter synfaringa held utvalet orienteringar og sakshandsaming i heradsstyresalen på Tinghuset frå halv fem.
Hovudsaka er endeleg handsaming av besøksstrategien for Voss herad 2026–2036.
Avgifta ut av planen
Strategien var på høyring etter vedtak i april, og det kom inn 13 innspel. Rådmannen skildrar innspela som brei støtte til hovudretninga, men med «eit tydeleg ynskje om å styrkja balansen mellom reiseliv og verdiskaping på den eine sida og omsynet til natur, landbruk, grunneigarar og lokalsamfunn på den andre».
Eitt av innspela har fått direkte følgjer for dokumentet. Fleire meinte at eit eventuelt besøksbidrag – turistavgift – burde handsamast som eiga sak, og at strategien måtte kunne gjennomførast uavhengig av det. Rådmannen har difor fjerna punkta om politisk handsaming av eit eventuelt besøksbidrag frå handlingsplanen.
Formuleringa som står igjen, er likevel tydeleg på kva det kostar: «Planen skal kunna gjennomførast utan eit eventuelt bidrag, men gjennomføringsevna er vurdert til å vera høgre ved eit eventuelt framtidig bidrag.»
Temaet er blitt meir aktuelt etter at Stortinget vedtok ei ny besøksbidragslov sommaren 2025. Om Voss oppfyller retningslinjene i lova og vedtek å innføre avgifta, kan delar av tiltaka i strategien finansierast med bidraget.
Toleevneanalyse i 2027
Eit anna hovudpunkt i høyringa var etterlysinga av sterkare vekt på naturmangfald, samla belastning og kunnskapsbaserte vurderingar av tolegrenser – og at eventuelle ferdselsavgrensingar må byggje på «gode og etterprøvbare data».
Svaret er at ei toleevneanalyse er høgt prioritert og «må gjennomførast i 2027».
Tre område peikar seg ut i det vidare arbeidet: Jordalen, Oksenhalvøya og Hodnaberg. Dei har utmerkt seg både i arbeidet med strategien og i høyringsinnspela, og rådmannen ser «eit klart behov for å koma i gang med overgripande prosessar» der.
Villrein, beitedyr og grunneigarar
Fleire innspel understreka behovet for betre omsyn til beitedyr, villrein, landbruk og grunneigarane sine rettar og plikter, og for at grunneigarar og landbruksinteresser blir involverte tettare.
Rådmannen svarar at landbruket og grunneigarane vil bli representerte i destinasjonsleiinga. Arbeidet med strategien har alt vore samkøyrt med referansegruppa for beitebruksplanen, noko som ifølgje saksframlegget har gjeve gode innspel frå både landbruk, grunneigarar og reiseliv.
Nærøyfjorden Verdsarvpark bad om at verdsarvverdiane og Voss sitt særlege ansvar som verdsarvkommune kjem tydelegare fram i strategien. Rådmannen viser til at den reviderte handlingsplanen sikrar tett samarbeid med Verdsarvparken.
Andre innspel gjaldt praktisk tilrettelegging: parkering, toalett, avfallshandtering, skilting og informasjon om mellom anna bandtvang og ferdsel i utmark. Desse blir rekna som svara ut i handlingsplanen.
Kva ein besøksstrategi er
Prinsippet i strategien blir formulert kort: «Me skal definera stader me vil at folk skal reisa til, og me skal legga til rette for at ferdsel og aktivitet vert styrt til stader som toler det.»
Voss vart merkt som berekraftig reisemål i 2021, og standarden for berekraftige reisemål krev at reisemåla har ein besøksstrategi. Planen skal rullerast kvart fjerde år, med årleg rullering av handlingsplanen.
Rådmannen har òg ei påminning om finansiering: tiltak som krev kontinuerleg oppfølging «bør ikkje løysast gjennom prosjekt med avgrensa varigheit og finansiering», men implementerast i verksemdstyringa eller fordelast på aktørane i og rundt reiselivet.
Framdrifta er lagt opp slik: politisk vedtak av strategien i september, politisk vedtak om reisemålsleiing i oktober eller november, og vedtak i reisemålsleiinga om handlingsplan og finansiering for 2027 i desember. Formaliseringa av leiinga skjer etter at Vestland fylkeskommunes arbeid med ein felles struktur for kommunane er avslutta – rådmannen kallar besøksforvaltning «nybrottsarbeid» og vil finne ei form saman med dei andre kommunane.
Statsforvaltaren på Teams
I møtet orienterer miljødirektør Aslaug Aalen hos Statsforvaltaren i Vestland via Teams om kommunane si rolle i miljø og klima, og utvalet skal behandle klima- og miljøvernprisen for 2026. Prisen blir delt ut under Grøn november.
Utvalet held fram med å møtast ute i verksemdene: oktobermøtet er planlagt på brannstasjonen, og desembermøtet hos Voss Energi.